Bygging av skatepark ved Stemmen

Time kommune i Rogaland

Til startside

Etter at eg hadde bygd "Tarzanløypa" på Frøyland skule vart gutungane mine etter kvart interesserte i skating. Men Frøyland / Kvernaland hadde ein alvorleg mangel hvis staden skulle kunna reknast som fullt ut sivilisert: Det mangla eit anlegg for rullebrett. Ein Skatepark!

Eg innsåg snart at mine og gutane sine tankar om kor stor og flott parken skulle vera ikkje lot seg realisera hvis vi skulle venta på at kommunen bevilga pengar. Hausten 2008 oppdaga eg Gjensidigestiftelsen. Dei gir bort over 100 millionar kroner i året til gode formål. Og den gongen hadde dei ikkje krav om at søkar måtte vera organisert som forening, noko som ofte kommunen har som krav. Eg sende inn ein søknad, men hadde ikkje heilt trua på at eg fekk noko. Men rett før jul fekk eg ein epost om at eg hadde fått 350000 kroner! Nå kunne det bli trilling i parken !!

I det området som var aktuelt arbeidde Kvernaland vellag med å laga ein park. Det vart difor eit samarbeid med vellaget, og det var ein stor fordel. Det vart meir tyngde bak prosjektet, og det var viktig i kontakten med kommunen.

Grunnarbeid

Det var brukbare grunnforhold der vi skulle bygga. Det øverste laget med masse vart fjerna. Så vart det lagt på eit lag med pukk, og eit lag med sand på toppen. Alt vart grundig komprimert. Banen er høgast langsetter midten, og heller 1:100 utover mot langsidene. Hellinga er liten, men vatnet renn brukbart av fordi det vart lagt stor vekt på at avrettinga av sandlaget måtte vera presis. Der er nesten ikkje vasspyttar etter regn.

Før asfalteringa vart det presisert at asfalten måtte vera finkorna. Den er stort sett jamn og fin, men det er ei stripe som delvis er litt grovare enn resten. Men det er godt brukbart.

Bygging av ramp

Vi hadde ein 20 år gammal ramp som etter tre flyttingar etter kvart var vorten litt fillete. Den var ikkje laga av impregnert tre, og vi avgjorde at den skulle pensjonerast. Men utforminga var ganske bra, så den kunne vi bygga vidare på. Etter mange og lange diskusjonar vart vi enige om at vi skulle gjera rampen 20 cm høgare og tre plater breiare. I tillegg ville vi ha ein ekstra halfpipe i den eine enden. Høgden er eit kompromiss. Vi ville gjerne at den nye rampen skulle vera litt meir utfordrande enn den gamle. Men samtidig er det viktig at rampen er god for nybegynnarane. Det ser ut som utforminga er vellykka. Ti-åringane set uforferda utfor. Og røynde skaterar seier at dette er den beste rampen dei har prøvd.

Det er lagt stor vekt på at rampen skal ha lang levetid, og at vedlikehald skal vera enkelt og rimeleg. Alt treverk er trykkimpregnert (unntatt kryssfinerplatene på sideveggene. Det er ikkje brukt spiker. Rampen er skrudd saman med om lag 12000 rustfrie skruer med Torx spor (lett å skru ut att). Men ein må vera litt forsiktig. For kraftig batteritrekkar vil vri av skruehovudet. Ei levetid på meir enn 20 år bør ikkje vera noko problem med denne konstruksjonen.

Rameverket er laga på same måten som takstolar. Vi er så heldige å ha ein takstolfabrikk i bygda, så der fekk vi hjelp til å klemma på spikerplatene. På tvers av ramene er det skrudd fast vanlege terrassebord (95x21 mm) med 5 mm spalte mellom. Dette gir ein stiv og sterk konstruksjon. Og då er det ikkje nødvendig med meir enn eitt lag plater.

Radius på buane er 250 cm, høgden på lågaste plattform er 150 cm, og høgaste plattform 190cm. Flata mellom buane er 242 cm. Den smale delen er 5 plater (6 meter) brei og den breie delen 7 plater (8,5 meter) brei. På den eine sida går den eine buen ut på asfaltflata. Totalt er rampen om lag 10 x 18 meter. Rekkverket er laga av 5x10 cm plank. Ein plank på toppen, ein nederst og ein om lag midt på. Grunnen til at det ikkje er tett rekkverk er at dei som bruker rulleskeiser ("rollerblades") hopper frå buen og rett bort på den midtre rekkverkplanken. Det ville vera vanskeleg hvis rekkverket var tett. Risikoen for å bomma på planken blir vurdert som liten. Enkelte hopper også opp på planken på toppen! Plattformene har heller ikkje rekkverk på sidene på grunn av faren for kollisjon.

Plankane til rameverket vart kjøpt i februar 2009 og låg og turka luftig under presenning fram til mai då dei 750 delene til rampen vart saga til. Sagbruket sa at dei skulle levera turr plank, men som vanleg er med trykkimpregnert, planken var gjennomvåt. Godt turka material skal ha vassinnhald under 25%. For at ramene skal halda forma er det viktig at planken er turr når han blir saga opp.

Dei første platene som vart lagt viste seg å ikkje tola vatn. Etter eit år var det bare å bytta ut. Så fekk vi nye plater, som leverandøren forsikra oss om kunne tola regn og frost. Men etter eit år var dei også gått opp i liminga. Då fekk vi tilbake pengane for dei platene.

Men då hadde eg oppdaga Skatelite-platene. Dette er dyre plater, men hvis ein vil ha ein ramp som varer, er det ingen vits i å tenka på andre plater. I 2011 kosta ei plate på 122x366 cm 145 £ eller om lag 1300 kroner. Eller fire gonger så mykje som kryssfinerplater. Men dei varer meir enn fire gonger så lenge. Og det er mykje skruing som skal til for å bytta plater. Platene er også harde og gode å trilla på. Skatelite-platene utvider seg når dei blir våte. Dei må leggast med 4 mm spalte på alle sider. Skruehola må forsenkast. Platene er gyldengule når dei er nye, men etter eit år er dei lyst brune.

Våren 2021 er ein god del av platene slitne, og det er delaminering i ein del av platekantane. Ei plate 122x244 cm kostar nå 160 £. Utskifting av alle platene vil kosta bortimot 110000 kr med mva. Platene på sidene er morkne, og dei blir nå bytta ut med trykkimpregnerte vanlege kledningsbord, som seinare skal malast. Der er noko rust på spikerplatene i rameverket, men det er ikkje alvorleg.

Kostnad: Treverk, skruer og røyr til coping kosta vel 70000 kr. Skatelite-platene vel 60000 kr. Der var ingen norsk importør, så platene måtte importerast frå Wup Doodle Ltd i England. Nå, våren 2021, er det Surface Matter i England som er distributør.
Hvis ein skal kjøpa ein like stor ramp ferdig, må ein nok rekna med ein kostnad på meir enn det fem-doble.

Street

Asfaltflata, inklusive rampen, er om lag 1000 m². Rundt banen er det plassert betongblokker som er 30 cm breie og 40 cm høge. Nokre av blokkene fekk stålkant langs eine sida slik at blokka kan brukast til å skli på med brettet. Blokkene vart laga for å halda mopedar borte frå banen. Men det viste seg at dei er ein flott miljøfaktor. Fordi det då vart gode sitteplassar rundt heile banen, noko som betyr mykje for trivselen rundt banen.

Det vart laga to manualboksar som er 480cm lange (to platelengder). Høgdene er 25 cm og 45 cm. Innstøypt galvanisert vinkelstål på langsidene. Boksane er hole inni for at dei ikkje skulle bli så tunge. Veggtjukne er 10 cm. Den høgaste veg litt over to tonn. Uten holrom inni ville den blitt dobbel så tung. Manualboksane har kosta om lag 3500 kr stykket (betong, armering og forskaling).

Det mest arbeidskrevande var funboksen (bortsett frå rampen). Den har 8 flater pluss fundament. Forskalinga er litt komplisert: Vinklane må vera korrekte for at det skal passa saman. Funboksen har nok kosta bortimot 30000 kr (betong, armering, forskaling, stålplater).

For å få ei robust overflate som forvitrar seint er det brukt betongkvalitet B45 D24 M40 Miljø. På store flater slik som funboks er det i tillegg brukt sjølvkomprimerande betong. Og Makrofiber 4 kg/m³ for å hindra oppsprekking. Alt er støypt «opp-ned». Dei synlege flatene blir då glatte fordi dei ligg mot forma. Og forskalinga må smørjast med form-olje for at den støypte overflata skal bli glatt og fin. Og då blir det lett å gjera reine kassettane etterpå.

Den første betongen som kjem ut frå betongbilen er av og til dårleg blanda. Hvis det er tilfelle må denne første skvetten ikkje brukast.

Det var enkelt å få betong fordi det er bare 4 km til næraste betongblanderi.

For blokkene rundt banen vart det kjøpt standard forskalingskassettar (Malthus). For manualboksane og funboks vart det laga eigne forskalingskassettar (plastbelagt kryssfiner). Sitteblokkene rundt banen fekk to utsparingar på undersida slik at dei kan lyftast med pallegaffel eller stroppar. Funboks og manualboks har innstøypte HD rustfrie transportanker frå Halfen slik at det kan skruast inn stroppar for lyfting (og snuing etter støyping). I trilleflatene er ankeret innsenka ein millimeter for å hindra at der blir ein hump.

Sjå litt nærare på banen ved Stemmen

Teikningar

Bank med avsats, Manual box


Endra 3.mai 2021