Nedlasting til GPS

Til startside

Nedlasting

Hvis du vil ha alle rullebrettanlegga inn i bil- eller motorsykkel-gpsen din kan du lasta ned ei gpx-fil. Fila kan også importerast inn i Google Earth. Du kan lasta ned Skate.gpx som innheld alle anlegg. Der er nå over 500 anlegg, og eg har opplevd at Garmin GPS går heilt i vranglås hvis du laster inn meir enn 500 favorittar.

Men du kan lasta ned ei fil som bare inneheld anlegg i eit enkelt fylke: Østfold, Akershus, Oslo, Hedmark, Oppland, Buskerud, Vestfold, Telemark, Aust-Agder, Vest-Agder, Rogaland, Hordaland, Sogn og fjordane, Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag, Nord-Trøndelag, Nordland, Troms, Finnmark

Eg har ikkje tilgang på mange ulike gps-mottakarar. Eg har testa på Garmin nüvi 2495LMT og nüvi 1490.

Det beste er å bruka programmet MapSource som du laster ned frå Garmin. Hvis du ikkje har noko Garmin-program frå før er det ikkje sikkert du får kjørt MapSource. Då kan du prøva å lasta ned BaseCamp og installera det først.

Lag først kategoriane "Skatepark" og "Skatehall" i MapSource ("Rediger", "Innstillinger", "Veipunktkategorier"). Så les du inn gpx-fila i MapSource, og laster opp i gps-mottakaren. I nüvi 1490 vil desse bli lagt i "Favorittar", og i nüvi 2495 i "Lagra" stader.

Av og til blir rullebrettanlegg nedlagde, og då vil dei bli fjerna frå nettsida (og frå fila som du laster ned). Men når du laster inn den nye fila i gps-mottakaren vil ikkje dei som er nedlagde bli fjerna frå gps-mottakaren. På sida med oversikt over alle anlegga vil desse vera merka med "Nedlagt" pluss registreringsdato.